No er eg så lei av alle som skal mene noko om russe-kidsa. For Guds skuld; ja, det er ein idiotisk tradisjon, ja, det er for mykje alkohol og sex, og ja, foreldra burde ta ansvar.
Det er dei same innlegga kvar forbanna vår og russen forblir like fulle og kåte. Let dei drikke og pule, og bruke idiotsummar på høytalerannlegg og glinsande bussar. Det er vel betre å samle allsangen til postgirobygget-låtane i ein skog på Vestlandet i nokre dagar, enn å spre faenskapen utover landets pøbbar og gatar i årevis etterpå. Nei, la idiotane "idiotere" frå seg, så kan vi håpa russemånaden vekker eit behov for å kompensere månaden med aktiv hjernecelle-knusing med opplysing og dannelse.
Æsj, der verte også eg til ein av dei russe-menande idiotane.
lørdag, mai 23, 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar