Eg er rastlaus og to dagar unna alt eg savnar. Ole Magnus og mongo-effekten han har på meg er borte, og her sitter eg med et ynskje om eit gramatisk feilfritt og flytande nynorsk skriftspråk, og ein irriterande japansk samtale i bakgunnen. Berre to dagar til eg reis hjem. Eg gledar meg så sjukt. Eg har vorte lei av metroen, lei av udefinert vér, lei av dyr euro og av menneske som gjeng alt for sakte i dei fulle gatane. Eg treng ein pause fra storbykjas og -mas.
Torsdag leverte eg bacheloroppgåva. Det ga ein god følelse idet dama på postkontoret hardt og bestemt stempla den tjukke A4-konvolutten tre gonger og sa "voilà". Det var akkurat det eg følte; "Voilà!" "Ferdig!" "Bachelor!" Ole gav meg ein gratulerande high five og ein klem. Digg. Det er fantastisk å vite at oppgåva si skjebne ikkje lenger avheng av min innsats. No kan den seile sin egen sjø i hendane på ein eller anna julemarsipanetande sensor. Eg held det sannsynleg at den utdelte gjennomsnittskarakteren er høgare på høstsemesteret enn på vårsemesteret. Studentane har den fordelen at sensorane rettar eksamenane medan dei goflar i seg mandarinar, julemarsipan og -kaker; tre gode grunnar til å tro at dei er i ei slags jule-rus.
Eg håpar det.
Held dykk fast, eg kjem snart heim!
mandag, desember 15, 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
æ kjente æ blei litt uvel av det derrane skriftspråket ditt. For mye av det gode rett og slett! Men hell jea, jul snaaaaart. Æ kainn bake!
Ooh. Fin nynorsk. Tips til kva som er enda finare? Bytt ut skjebne med lagnad.
Og eg misliker "gjeng". Det er så bondsk og jævlig.
Legg inn en kommentar