
No er det kome fram at terroristar var åsraka til flystyrten. Dette betyr mellom anna strengere og fleire ugleblikk på dei lange skjeggate mennene, svette armhuler og hender, og tilløp til panikk om desse mennene i tillegg ber ein koffert. Uansett om det er same kofferten som den middelaldrande tjukke tyskaren foran i køen har. Men, med frykt for å aldri koma ut igjen, skal eg skal ikkje gå inn i diskusjonen om media og deires misbruk av makta dei sit med. Eg skal heller seie nokre ord om kor stor tru eg har på verda.
Eg går no mot slutten av den siste av mine 20 (eller noko sånt) veker i UNESCO. UNESCO, ein stor, og trass usemje og krangel, glad familie, nydeleg plassert langs vakre Parisiske avenuer, mellom Eiffeltårnet og Hôtel des Invalides. Her har eg åte smakløse lønsjar medan eg gjennom vindauget har fulgt Eiffeltårnheisen utrettelege frakt av turistar opp og ned tårntoppen, eg har sett ridande og rakrygga militærgutar på stolte hestar utanfor Ecole Militaire, sola som skinn over regnvåte Paristak og nylagt asfalt som tørkar seg i sola. Kva har dette med verda å gjere, spør du? Vel, alt og ingen ting. I dette tilfellet ingen ting, det var meir ein reflekterande digresjon over tida som snart er forbi. No kjeme det som har med verda å gjere;
Kvar dag i UNESCO har eg hilst på folk eg ikkje aner kven er, kvar dag har eg utveksla små ”ca va? Oui, merci, je vais bien, et vous?”-fraser. Stadig har det verte fleire av dei. Eg har sett dei merkelegste klesdrakter, høyrt dei raraste meiningane eg nokon gång har høyrt uttrykt, lukta dei strammaste kroppsluktane og sett arroganse eg ikkje tudde fants. Likevel har eg, også med desse menneske meistra å halde samtalen gåande. Det viser seg at sjølv om du kjem frå Luxembourg eller Sri Lanka, Tuvalu eller Irak, er me alle av samme ulla og eg kan (og alle andre kan) snakke med desse menneska. Me har noko å snakke om. Alle saman! Om det så er vêret eller finanskrise, vi møtes ein stad i midten, og det er dette som er så fascinerande. Alle kan snakke med alle! Eg ville t.o.m sagt ”ca va” til Bin Laden og George Bush hadde dei vert i dei same korridorane som meg.
Poenget som eg her prøver å få fram, er at me er alle er berre menneske og at alle difor kan møtes på eit eller anna medmenneskeleg nivå.
Dei site 20 vekene har UNESCO lært meg at verda ikkje er meir enn summen av folket som bur her, og det er berre folk. Folk som deg og meg. Det må ein aldri glemme, og ein må ikkje la seg fremmedgjere av folk med fancy titlar og dyre slangeskinnsko, langt skjegg eller burka. Me kan alle snakke om vêret saman. Til og med med terroristen som styrta ned Air France-flyet. Også han kunne ein ha prata om vêret med. Han var akkurat like mykje menneske som deg og meg og alle andre. Eg tippar terroristen ikkje hadde nokon snakke om utsikta frå flyet med, ingen å dele peanøtterne med og som difor ikkje hadde vanskleg for å sprengje heile greia til helvete.
Snakk, folkens!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar